TILBEREDNING


Ein fordel med mandelpoteta, er kort koketid. Problemet er at poteta lett kokar sund, derfor blir potetsekkane våre selde med kokeråd frå meisterkokken Arne Brimi; Gje potetane eit raskt oppkok og la dei trekke i vannet utan at det kokar. Det er berre ein grunn til at denne poteta er vanskelegare å koke. Det er den ekstremt høge kvaliteten med spesielt høgt tørrstoffinnhald. All potet tapar gradvis kvalitet gjennom lagring. Det er derfor vanskelegast å koke poteta riktig om hausten.

Men poteta er ofte enda betre steikt enn kokt. Mandelpotet i skiver, båtar osv i steikepanna og i ildfast form i steikeovnen er fabelaktig. I skiver i steikepanna er poteta ferdig i løpet av minuttar saman med andre grønnsaker, kjøt og fisk. Her er potet hurtigmat.

Potet skal lagrast i kaldt (3-8 grader), luftig og mørkt. Den gamle jordkjellaren var ideell. Nå er det nesten ikkje slike kjellarar, men moderne kjølerom og moderne, store kjøle-hjørna har gjeve innkøp av potet i større kvanta ei ny oppblomstring. Her skal poteta lagrast i sekk (eller papirpose) for ikkje å tørkast ut og held da god kvalitet i eit heilt år.

I butikkane er potet nå vanlegvis vaska. Ved vask går potet over til å bli ferskvare, og taper seg fort i kvalitet. Dette, i tillegg til altfor høg temperatur i butikklokala er viktige forklaringar på at kvaliteten på potet ofte er så dårleg når vi kjøper i butikk.

Mandelpoteta har innebygd årsrytme. Ut over hausten og fram til februar tåler poteta å stå relativt varmt, opp mot 10-12 grader, utan å gro. Ut over våren byrjar poteta lett å gro og krev temperaturar ned mot 3-4 grader.