OM MANDELPOTET


Mandelpotet
Mandelpoteta er rekna for å vere ”dronninga” blant potetene og kostar til vanleg noko meir enn rundpotet. I store delar av landet brukar ein derfor denne poteta berre til fest, høgtid eller til spesielle rettar som rakfisk, torsk, pinnekjøt osv. I dei delane av landet der mandelpoteta har vore dyrka i generasjonar, brukar vi så å seie berre denne poteta til middagsmat. Ingen i Norge er så fattige at dei ikkje kan koste på seg litt dyrare potet.

Mandelpoteta trivest best høgt over havet (i fjellbygdene) og i sandhaldig, relativt mager jord. Mandelpotetdistrikta finn vi typisk i fjellbygdene i Gudbrandsdalen, spesielt sidedalen Ottadalen, i Østerdalen og fleire plassar i Nord Norge. Grunnen til dette er at denne poteta har lett for å få ulike former for potetsjukdomar og må derfor dyrkast i område der det er lite smitterisiko. Denne poteta er nøye på det elles også, spesielt må det ikkje kome for mykje regn. Dette er grunnen til at Skjåk er spesisielt gunstig for slik potet. Her er det alltid så lite nedbør at vi må bruke kunstig vatning. Vi styrer dette sjølv, eller som det gamle ordtaket seier: Gjev Herren oss sol, skal vi halde oss med væte sjølve.

Gode og dårlege potetar
Vi har dyrka mandelpotet for sal i 30 år, og dei første kundane er framleis med oss og kjøper potet år etter år. Men det er også kundar som har vore utilfreds med sekken dei har kjøpt og som har vorte skuffa.

Vi oppfordrar alle kundar som er uheldige om å melde frå til oss så vil vi kunne skaffe ein betre sekk eller gje pengane tilbake.

Det aller vanskelegaste med mandelpotet, er likevel ”blåfarginga”. Dette er ei sterk blå/ fiolett farge som ofte ikkje er synleg utanpå. Problemet er også at denne fara kan kome etter sorteringa. Desse potetene er like gode, men dei er ikkje trivelege på matbordet.

Det kan også vere stor forskjell på potetkvaliteten i gode og dårlege år. Det er med potet som med druer og vin. Her er fordelen ved potet dyrka i Skjåk at det nesten kvaliteten er jamn frå år til år. Dette gjeld spesielt for gardane som ligg på ”solsida” og får stor nok varmesum. Teigen ligg gunstig til og har til dømes ikkje hatt frost på potetgraset dei siste 20 åra.