BABYPOTET ELLER SMAKSPOTET


Små mandelpotet har i mange år vore seld i norske kvalitetsbutikkar. Det har vorte eit aukande krav frå kundane våre at vi også skal begynne sal av slikt små mandelpotetar.

Vi tilbyr nå slike potetar i sekkar på 5 og 10 kilo. Desse små baby-potetene blir også kalla smakspotet. Grunnen er at dei er spesielt godt eigne for all slags krydring i steikeomn. Heile poteta tek smak av krydderet, eller det som poteta blir steikt eller baka saman med. Vi kjenner slike poteter frå tapasrestaurantar og avanserte, moderne potetelskarar lagar seg nå slike rettar som snacks til middags eller som eigen rett om kvelden.

I ildfast form kan poteten bakast i god olje, blanda med lauk og/ eller andre grønnsaker og krydder som rein vegetarrett – eller blande opp med kjøt eller fisk. Smaksfull fisk som sei er spesielt gunstig.

Retten kan lagast på låg eller høg varme, avhengig av kva tid ein har til å lage middagen. Retten er ferdig når potetene er gjennomsteikte.

Prisen på dei franske potetene i butikk er på 30-40 kroner per kilo. Vi sel dei billig nå i starten, men det er tre gongar så mykje arbeid med desse potetene – noko som vil påverke prisen på lang sikt.