VELKOMMEN TIL TEIGEN POTET
Teigen er eit småbruk på 25 dekar og vart eige bruk på 1820-talet.
Garden ligg i Skjåk kommune, øverst i Ottadalen – kjent som dei mest
nedbørfattige bygdene i landet. I starten var garden enda mindre, men
så skjedde det at kona på garden miste eit barn ved fødselen. På
nabogarden skjedde det omvendte: kona døde og det nyfødte barn hennar
måtte ha morsmjølk. Kona i Teigen som hadde mista barnet sitt, tok da
over og amma opp barnet på nabogarden. Som takk for dette, fekk og eit
ekstra jordstykke som vart kalla ”Bryst-Teigen”. Derfor heiter garden
”Teigen med Bryst-Teigen” i gamle papir.
Fram til først på 1950-talet var gjekk garden frå elva og opp til
skogen, altså nesten 1 kilometer lang – og i gjennomsnitt berre 25
meter brei! Etter jordskifte vart garden berre halve delen så lang og
dobbelt så brei. Etter dette vart heile garden liggande høgre oppe, frå
riksvegen og opp til skoggrensa. Dette var heldig for dyring av
mandelpotet. Heile garden ligg mellom 400 og 500 meter over havet og er
veleigna for denne produksjonen.
Det var allsidig gardsdrift med hest, ku, sau og gris fram til først på
1960-talet. Etter den tida har det vore planteproduksjon, bygg og
potet.